Avsluttet
18 skal · 25 interessert på FacebookOpe Grendahus med varm grill
torsdag 9. juni 2016 kl. 17:00
📍 Leaparken Velforening
Torsdag 9. juni fyrer Leaparken velforening opp grillen og ønsker store og små i nærområdet velkomne til ettermiddagskos i Leaparken.
Denne dagen er det spesielt kjekt om mange vil ta turen, då velforeninga står i fare for å miste Grendahuset. Bergen kommune v/Etat for bygg og eiendom har rett og slett bede velforeninga om å pakke ut av Grendahuset innan utgangen av juni, då dei vil bruke bygget til andre føremål. Denne avgjerda er dramatisk for Leaparken velforening og nabolaget. Området me bur i manglar allereie i dag lågterskelmøteplassar for barn og unge, og det vil vera eit stort tap om me ikkje lenger fritt får disponera grendahuset til små og store arrangement. Velforeninga har disponert huset sidan 80-talet, og har stått for oppussing og vedlikehald sidan den tid.
Grillen er varm frå klokka 17, og ein må sjølv ta med mat for å grille.
Det blir sal av kaffe, kaker og saft til ein billeg penge(kun kontant)
Det blir mulegheit for å spele kubb og kaste ringar.
VELKOMNE, alle saman!
Se arrangementet på Facebook →