Avsluttet
7 skal · 18 interessert på FacebookBli kjent med velforeninga!
onsdag 15. mars 2017 kl. 20:00–22:00
📍 Leaparken Velforening
Leaparken velforening treng fleire hender!
Har du eit hjarte for Leaparken, og lyst til å bli kjent med fleire naboar? Kom på bli kjent-kveld i det raude nabohuset til Grendahuset!
Me treng folk som kan bidra i velforeninga, lite eller stort:
- Kan du hjelpe til med å henge opp julelys på Grendahuset?
- Kan du koke og selje graut på ei lesestund?
- Vil du bli med i styret?
- Vil du ikkje bli med i styret, men bidra på eit arrangement?
- Er du interessert i fugle- og dyrelivet i parken?
- Er du god på offentleg byråkrati, og kan hjelpe oss å nå dei rette folka i kommunen?
- Har du ein ide til eit arrangement i parken?
- Eller har du berre lyst å bli betre kjent?
Leaparken velforening består i dag av eit styre på 6-7 personar som gjerne kan bli fleire. Me arrangerer alt i frå jonsokfeiring, julelystenning, lesestunder og sykkeldagar i Leaparken. I mai inviterer me til vårdugnad i gatene, og i år skal me for første gong arrangere Sjøvett-dag på Solheimsvatnet. Me følger med på det som skjer i nabolaget, og prøver å vera aktive når det gjeld reguleringsplanar og byggesaker. Me prioriterer barn, unge og ålmenta sine interesserer, og er lydhøre for innspel på korleis me bør jobbe. Me er også med i ei nærmiljøgruppe knytta opp mot MO-senteret på Wergeland.
Se arrangementet på Facebook →